Einsam ho gret, den vakraste av alle
Fanga og låst i ei sorg ingen skjøner
Gleden forsvann langt, langt der ute.
Ei brennande lyst, en ingen håp.
Ho lengtar heim, men finn ingen veg.
Ein sorgfull lagnad gøymt bak eit smil.
Mardol du fagre for fred du blei ofra
Du solgte din lekam, men fann ingen trøyst.
Det som glimrar gjer ikkje fred for deg
Gern du ga deg hen, og slokka mangt
eit begjær. Men, framleis drypp
det om natta gull frå dine auge.
Frøya, od skal du finna når alt er forbi
då skal du bli sluppen fri.
Inntil den dag finn du inga trøyst.
Sjøl ikkje i glitrande Brisinghamen.