Du drap min son, hemn eg svergar
Du øydela min veg, og fred med mitt folk
Du sverta mitt namn, dei trudde deg
Du trudde min lagnad var spott og spe
Du trudde eg med mitt banesår døydde
Du trudde eg aldri skulle reisa meg
Du trudde lyset var din ven,
at du av det var komen
Du trudde alle ville lystra deg
og gløyme valfaders gåver
Du gløymde din far sine vise ord
om svik, lagnad og død.
Du gløymde di plikt
som ein kjempande mann
og drap din bror i sveven.
Du trudde tid lækjar sår
at mitt folk skulle tilgje og be.
Du gløymde meg og mi heilage plikt,
eg skal drepa deg i vrede.
Blodhemn eg svergar,
Blodhemn har eg alltid sverga.