"Kvat hejter du jenta i saueflokken,
som bles på horn og bind på sokken?"
Namnet mit sym som and på ejt vatn;
ro yver, du gut under bukskinnshatten!"
"Kvat hejter då far din og hejmen du ejgr?
Eg hev inkje set deg på kyrkjuvegr."
"Far min er druknad, og garden hev brunnet,
og vegen til kyrkja eg aldri hev funnet."
"Og er du ej huldr, so lyt du meg spara;
men er du ej jenta, so skund deg at svara."
"Eg drøymde, du kom hit; - hej, skund det og tak meg;
nej, inkje dit yver; - eg står lika bak deg."